Bli med på Ti på topp

Opplevingskort

Opplevingskort

Gjennom tilskotsordninga «Tilskot til inkludering av barn og unge» har Herøy kommune gleda av å kunne tilby opplevingskort for barn og unge.

Dette prosjektet er gjennomført med støtte frå Bufdir. Målet er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha muligheit til meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal sikre at born og unge frå familiar med svak økonomi får høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar. 

Kven kan få tenesta?

Opplevingskortet kan tildelast born og unge i alderen 0-25 år i familiar med svak økonomi. Vi nyttar Barne- ungdoms- og familiedepartementets (Bufdir) sin skala i berekning av låginntekt. Det vil seie hushald med samla inntekt som er lågare enn 60 % av medianinntekt i Herøy kommune. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje handsama. Føresette til barna kan også få opplevingskort for familieaktivitetar der dei deltek.

I tillegg til økonomiske forhold vil det vere aktuelt å ta omsyn til ulike sosiale faktorar, og tildelinga vil derfor vere ein kombinasjon av økonomiske og sosiale forhold. Ordninga skal bidra til å hindre utanforskap, difor er det også høve til å ta med ein ven på desse arrangementa.

Kva får du?

Opplevingskortet er ikkje eit fysisk kort, men ei ordning der ordinære klippekort og bilettar vert dekt gjennom ordninga.

Det er Monica Torvik Stokset, prosjektleiar BTS som handsamar søknaden. Opplevingskortet vert tildelt i form av klippekort, billettar og gåvekort. Døme på kva opplevingskortet dekkjer:

  • Kinoframsyningar og snacksmeny ved Herøy kino
  • Konsert- og kulturframsyningar ved Fosnavåg konserthus
  • Sunnmørsbadet, enkeltbillett/klippekort
  • Aktiv Trening, månadsabonnement
  • Transport buss/hurtigbåt, månadskort/FRAM Ung

Har du spørsmål til ein annan aktivitet du ynskjer å delta på, så ta kontakt med folkehelsekoordinator.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis for den som får den tildelt.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Hugs at samla inntekt for hustanden dei 3 siste månadane og sjølvmelding må leggast ved søknaden.

Når kan du vente svar?

Vi behandlar søknader fortløpande og gir snarleg svar.

Andre støtteordningar

Det finst også ei anna ordning, kontantkasse, som lag og organisasjonar kan søke om støtte for at barn og unge skal kunne delta i aktivitetar.

Kontakt

Monica Torvik Stokset

Prosjektleiar BTS

E-post: Send e-post

Mobil: 469 56 950