Kulturmidlar

Kulturmidlar

Driv du kulturverksemd, vil du opparbeide ein leikeplass eller vil du starte opp eit nytt lag? Dette er berre noko av det du kan søkje kulturmidlar til.

Kven kan få tenesta? 

Personar, organisasjonar, foreiningar og lag som driv eller vil starte kulturverksemd i Herøy kommune.

Kva kan du forvente?

At du får behandla søknaden din etter gjeldande retningsliner.

Kva kostar det?

Det er ingen kostnad med å søkje.

Korleis søkjer du?

Du må fylle ut søknadsskjema om kulturformål. Legg ved nødvendig dokumentasjon ut frå retningslinjene.

Når kan du vente svar?

Har du med alle naudsynte opplysingar og dokumentasjon i søknaden, vil søknaden verte handsama innan rimeleg tid. Søknad om driftstilskot har søknadsfrist 1. april, desse søknadane vert handsama innan rimeleg tid etter denne dato.