Kaivederlag

Kaivederlag

Alle fartøy eller flytande innretningar som fortøyer ved kommunale kaiene eller andre kaier som vert drifta av Herøy kommune skal betale kaivederlag. Fartøy som fortøyer utanfor anna fartøy, betalar kaivederlag som om det var fortøyd ved kaia.

Kaivederlag skal betalast sjølv om fartøyet ligg ved kaia utan at det gjeng føre seg lossing eller lasting.

Kva kostar det?

Kaivederlag vert berekna etter fartøyets bruttotonnasje (BT) og tal på døgn det ligg ved kai. For fartøy som ikkje er målt eller har gyldig målebrev, fastset Herøy kommune fartøyet sin tonnasje etter skjønn.

Kaivederlag, kommersielle anløp 2026:

Kaivederlag, kommersielle anløp 2026:
BruttotonnasjeIntervallSats pr. tonn (utan moms)Maks beløp per døgn (utan moms)
For dei fyrste 2000 BT1-2000Kr. 1,00Kr. 2 000,-
For dei neste 18 000 BT2001-20 000Kr. 0,62Kr. 13 160,-
For alt over20 000 BTOver 20 000Kr. 1,60

Cruiseskip betaler ein minstevederlag på kr. 15 000,- uavhengig av BT..

I tillegg kjem anløpsavgift, avfallsgebyr og eventuelt sikkerheitsgebyr. Vert kaia nytta til lasting og/eller lossing av varer skal det betalast varevederlag.

 

Kanselleringsgebyr cruiseanløp 2026

Kanselleringsgebyr cruiseanløp 2026
Kansellering innanforPrissats
6 månader før ETA30% av kaivederlaget
48 timar for ETA50% av kaivederlaget
24 timar før ETA100% asv kaivederlaget
Kansellering gjelder ikkje for endring av dato innanfor same kalenderår, og/eller endring av skip, så langt det er mogleg å gjere endringar basert på kapasitet. Uavhengig av dette vil direkte kosnad, som kjem som følge av ein kansellering eller endring, verte velasta skipet.

Minstepris yrkesfartøy 2026

Vederlaget svarast for pr. påbyrja døgn (24 t liggetid).
Minstepris yrkesfartøy 2026
FartøyPris utan moms
Farøy under 12 meterKr. 190,-
Fartøy mellom 12 meter og 15 meterKr. 380,-
Fartøy over 15 meterKr. 590,-

Fiskefartøy under 15 meter vert fullt ut fakturert som yrkesfartøy, dersom bruk av kaier overstig 7 dagar i ein kalendermånad.

Fiskefartøy over 15 meter vert fullt ut fakturert som yrkesfartøy.

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 90 15 63 47
Teknisk vakt (kveld, helg og helgedagar)
Telefon 99 21 00 01