Hoppid.noHoppid.no skal gjere det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Både for dei som ønskjer å etablere ei bedrift og for dei som allereie har starta for seg sjølv, er hoppid.no ein nyttig plass å starte. Kven kan få tenesta? Hoppid-kontoret i Herøy kommune skal yte tenester til dei som har tankar om å etablere eiga verksemd, men også allereie etablerte verksemder kan få hjelp. Kva kan du forvente? På hoppid.no-kontora får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging. I tillegg legg hoppid.no til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen. Målet med hoppid.no er å skape nye og levedyktige bedrifter, mangfald i arbeidslivet og auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylket. Hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kva kostar det? All hjelp frå hoppid.no er kostnadsfri. Korleis får du tenesta? Herøy Kommune oppmodar deg som ynskjer å etablere verksemd, eller deg som allereie er etablert om å ta kontakt for å drøfte ditt prosjekt. Dersom det er etablerte bedrifter som har idear om ei ny verksemd, er de også hjarteleg velkomne til å ta kontakt med Herøy kommune sin hoppid.no-kontakt, med hovudkontor i Ålesund Kunnskapskarp (ÅKP): Robert Voldnes:robert.voldnes@aakp.no, tlf. 90 65 85 17. Nyttige lenker: http://www.aakp.no/aakp https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/hoppid.no/Finn-ditt-hoppid-kontor/Heroey-kommune Publisert 12.09.2018 13:53 Sist endra 24.02.2021 12:53