Bli med på Ti på topp

Kommunalt næringsfond

Kommunalt næringsfond

Herøy kommune har eit eige fond retta mot å hjelpe nystarta bedrifter eller bidra til kompetanseheving og nettverksbygging for eksisterande bedrifter.

 

For 2024 er det ikkje midlar på næringsfondet og søknadar vil ikkje bli handsama. 

Kven kan få tenesta?

Grunnvilkår for å kunne søkje om tilskot:

  • Det kan gjevast støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Søkar må vere registerert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
  • Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.
  • Tiltak kan vere investering i produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving, bedriftsnettverk e.l.
  • Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnadar, avgrensa til maksimalt 150.000 kroner.
  • Kommunane kan vurdere ein høgare finansieringsandel (inntil 75%) til nyetablerarar.
  • Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lenger tid enn 3 år.
  • Støtte frå kommunalt næringsfond skal ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til at tiltak som elles ikkje ville ha blitt gjenomført, blir realisert.
  • Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege støtteordningar for bedrifter.

Sjå Retningslinjer for kommunale næringsfond Møre og Romsdal. (PDF, 245 kB)

Kva kan du forvente?

Når du leverer søknad kan du forvente at søknaden vert handsama etter gjeldande retningsliner.

Det er ikkje kostnader knytt til sakshandsaming av din søknad.

Lokal retningslinje for kommunalt næringsfond

Utval for samfunnsutvikling vedtek følgjande reviderte retningsliner for det kommunale næringsfondet:
1. Firmaadresse og bustadadresse skal vere i Herøy.
2. Eigeninnsats/arbeidstimar kan ikkje reknast inn som ein del av grunnlaget for tildeling av midlar.
3. Frist for gjennomføring av prosjekt og utbetaling av tilskot vert sett til 31.12. påfølgande år.
4. Søknadar kan gjevast tilskot med inntil 50% av søknadsgrunnlaget. Dersom det skal gjevast tilskot over 50% skal dette avgjerast av det politiske  skjønn, maksimalt 75%.
5. Tilskot under 100.000,-kan utbetalast ved oversending av kvitteringar og enkelt rekneskap i tråd med innvilga søknad.
6. Datterselskap er som hovudregel ikkje berettiga tilskot.
7. Alle søkjarar skal via Hoppid-rådgjevar for rådgjeving før ein kan søkje.
8. Søknadar skal leverast via www.regionalforvaltning.no
9. Tiltaka skal vere nyskapande og generellt positive for kommunen


Retningslinjene kjem i tillegg til Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler og reglane knytt til bagatellmessig støtte.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Skal du søkje om midlar frå kommunalt næringsfond må dette gjerast i eige skjema på nettsida regionalforvaltning.no.

Husk at du må registrere deg som brukar før du får levert søknad.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.

Lokal retningslinje for kommunalt næringsfond 2023 sak_29_23 (PDF, 2 MB)

Kontakt

Ole Magne Rotevatn
avdelingsleiar utvikling
E-post
Mobil 90 97 41 28