Falsk informasjon
I starten av ei krise kan det vere vanskeleg å få oversikt over kva som har skjedd. Då kan det spreie seg informasjon som ikkje stemmer. Nokre gonger kan personar eller grupper medvite dele feil informasjon for å skape uro eller forvirring.
Lytt til offentlege kjelder
Herøy kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss på våre nettsider. Vårt råd er derfor å alltid gå til www.heroy.kommune.no dersom det oppstår ei krise. Kommunen si heimeside skal nyttast aktiv til å informere lokalbefolkninga ved ei krise i tillegg til andre media. Nettsida er tilpassa mobil/nettbrett. Alt som vert lagt
ut på nettsida skal delast på sosiale media.
Radio/TV/nettaviser
Haster det med å få ut informasjon er det viktig at radio, tv og lokale nettaviser vert nytta aktivt i tillegg til eigne heimesider. NRK P1 er beredskapskanal og kommunen vil kunne bruke denne til informasjon til innbyggarane.
Alle bør ha ein batteridriven DAB-radio som ein del av eigenberedskapen. Eventuelt kan radioen i bilen nyttast.
Mobilvarsling
Kommunen kan sende ut SMS-varsel til alle med bustadadresse i kommunen. Varsel kan også avgrensast geografisk. Det er viktig at ein kjenner til reglar for befolkningsvarsling.
Varsling via arbeidsgivarar
I kommunen har vi ein del arbeidsinnvandring og ein bør vurdere å varsle dei store arbeidsgjevarane slik at ein lettare kan nå arbeidsinnvandrarane med
naudsynt informasjon.
Brev i postkasser
Når ut til mange, men tek lang tid. Er mest eigna for utsending av generell informasjon der tid ikkje er ein viktig faktor.
Andre varslingsmåtar
Det kan ved enkelte situasjonar vere naudsynt å nytte andre varslingsmetodar som telefonoppringing, bil med høgtalar, oppsøkjande verksemd, informasjon ut til kommunale einingar som skule og barnehage.
Om all kommunikasjon er nede(ingen annan måte å informere på er tilgjengeleg) vil informasjon ved ei krise verte hengt opp ved Herøy rådhus og Myrvåg omsorgsenter.
Sosiale media
Kommunen nytter i dag Facebook og Instagram. I ein gitt situasjon kan dette nyttast til å spreie informasjonen som vert lagt på eigna nettside.
Kriseleiinga tek stilling til kva informasjonskanalar som skal nyttast saman med kommunikasjonssjef.
Det er her viktig å merke seg at enkelte medium er sårbare ved straumbrot.
Bortfall av elektronisk kommunikasjon - informasjonspunkt
Ved hendingar som fører til at elektronisk kommunikasjon er ute av drift over lengre tid, til dømes ved langvarig straumbrot, kan kommunen opprette fysiske informasjonspunkt. Der kan du få oppdatert informasjon og hjelp.
Her finn du informasjonspunkta ved kriser:
- Herøy rådhus
- Myrvåg omsorgsenter