Gi til tv-aksjonen – sjå innsamla beløp

Velkomen til øyriket ved storhavet

Velkomen til øyriket ved storhavet

Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune midt i matfatet. Dei enorme ressursane i det fiskerike havet har alltid vore grunnlaget for busetnad, vekst og utvikling. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Informasjon om kommunen finn du på Statistisk sentralbyrå sine nettsider.

Båt

Båten var og er ein sentral del av livet til dei knapt 9000 innbyggjarane, og ein stor del av Noregs fiskeri- og offshorereiarlag har adresse i kommunen. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande.

Kultur

Organisasjons- og kulturlivet blomstrar, med eit imponerande utval kor, korps, idrettslag, kulturskule, festivalar, sogespel, konsertar, kino,  lag og foreiningar av alle slag.

Ungdomskommune

I 2012, 2014 og i 2020 vart kommunen kåra til den beste ungdomskommunen i fylket. Herøy kommune har blant anna utmerka seg ved å legge til rette for medverknad frå ungdom, skape gode møtestadar for ungdom og legg til rette for allsidig fritidstilbod for ungdom.

Fugleøya Runde

Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten. Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar.

Fosnavåg

Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge og sykkelutleige. Servicekontoret ved rådhuset er turistinformasjon i sentrum.

Velkomen til øyriket ved storhavet!