Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Psykososialt kriseteam - omsorgsteamet

Psykososialt kriseteam - omsorgsteamet

I Herøy kommune har vi eit psykososialt kriseteam, eit omsorgsteam, som kan vere der for deg når du står i ein vanskeleg og uhandterleg situasjon.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Målsettinga for kommunen sitt omsorgsteam er å gje deg som innbyggjar i kommunen eit tilbod om psykososial støtte ved påkjenningar som er så store at dei overgår dine moglegheiter og ressursar til å meistre situasjonen. Det er også eit mål at arbeidet skal førebyggje framtidige helseproblem.

Kva type krise kan det vere? 

Her er nokre døme på hendingar som kan involvere det psykososiale kriseteamet:

  • Brå og uventa ulykker i og utanfor heimen
  • Transportulykker
  • Sjølvmord i og utanfor heimen
  • Brann/storbrann
  • Vold, drap og truslar
  • Gisselsituasjonar og ran
  • Sakna- situasjonar
  • Personar eksponert for sterke sanseinntrykk
  • Uventa barnedød

Korleis får eg hjelp?

Det psykososiale kriseteamet kan starte opp på ulike måtar. Det mest vanlege er at AMK eller Politiet aktiviserer det psykososiale kriseteamet. Men også ordførar eller andre kan gjere det.

Telefonnummeret til teamet er: 481 76 452

Aktiviteten til kriseteamet vil variere frå sak til sak. Du vil alltid bli spurt om du ynskjer hjelp, og kva type hjelp du ynskjer. Når eit behov melder seg, vil vi sette saman kriseteamet etter kva behovet er.