Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Varsling

Varsling

Herøy kommune legg stor vekt på å vere ærleg, ryddig og open i all si verksemd. Både folkevalde og tilsette har ansvar for å etterleve dette prinsippet.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Som forvaltarar av samfunnet sine fellesmidlar, vert det stilt høge krav til den enkelte medarbeidar sine etiske haldningar.

Folkevalde og tilsette dannar grunnlaget for innbyggjarane sin tillit og haldning til kommunen, og skal difor ta avstand frå og kjempe imot uetisk forvaltningspraksis.

 Det er vedteke etiske prinsipp for tilsette og politikarar i kommunen. (PDF, 200 kB) 

Det vert no lagt til rette for å varsle om etiske tvilsame forhold i eige elektronisk skjema.

I skjemaet finn du desse vala:

  • Underslag, tjuveri og økonomisk mislege handlingar
  • Brot på anbodsreglar
  • Brot på tryggleiksreglar
  • Upassande gåver eller bonusar
  • Mobbing og trakkasering
  • Diskriminering
  • Fare for liv og helse
  • Maktmisbruk
  • Brot på teieplikta
  • Anna (Her skriv du det du ønskjer å varsle om)