Planendring for Elsebø er godkjent

Utval for samfunnsutvikling har no vedteke planendringa for detaljreguleringa på Elsebø (gnr. 30 bnr. 9). Vedtaket vart gjort 15.04.2026, med heimel i plan- og bygningslova § 12-14.

kommunekart.no

 

Kva er endra?

Planendringa er ei mindre justering av gjeldande reguleringsplan frå 2018. Målet har vore å gjere planen meir fleksibel og betre tilpassa dagens bustadmarknad.

Dei viktigaste endringane er:

  • Meir fleksibilitet i plassering og utforming av bygg
  • Moglegheit for andre bustadtypar (t.d. firemanns- og tomannsbustad i staden for seksmannsbustad)
  • Litt auka utnytting av tomtene
  • Større valfridom for takform og byggjehøgd
  • Forenkling av plankartet for å unngå unødvendige dispensasjonssøknadar
  • Meir fleksible løysingar for veg og parkering

 

Gir meir fleksibilitet for bustadbygging

Den viktigaste endringa er at reguleringsplanen opnar for meir fleksible løysingar når det gjeld både bustadtypar og utforming.

Mellom anna er det no lagt til rette for:

  • Fleire typar bustader, som tomannsbustader og firemannsbustader
  • Meir fleksibel plassering av bygga på tomtene
  • Moglegheit for litt høgare utnytting av areala
  • Større fridom i val av takform og byggjehøgd

 

Tidlegare var planen meir detaljert og styrande, noko som gjorde at utbyggarar ofte måtte søkje dispensasjon. Med dei nye endringane blir dette behovet redusert.

 

Forenklar planen

Eit viktig mål med planendringa har også vore å gjere sjølve planen enklare å bruke.

Plankart og føresegner er forenkla slik at:

  • det blir færre unødvendige krav
  • det blir lettare å tilpasse prosjekta til marknaden
  • utbygginga kan skje meir effektivt

Det er også opna for meir fleksible løysingar knytt til veg og parkering i området.

 

Tilpassa dagens behov

Bakgrunnen for endringane er at både bustadmarknaden og behova har endra seg sidan planen vart vedteken i 2018. Den oppdaterte planen skal gjere det enklare å utvikle eit variert bustadtilbod på Elsebø.

 

Etter plan- og bygningsloven § 12-4 er planen gjeldande frå utvalet sitt vedtak. Vedtaket vil kunngjerast i lokal avis den 05.05.2026 og kan påklagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 3 vekerfrå kunngjeringa.

 

Frist for å klage: 26.05.2026

Klageskjema finn du her:  Klageskjema

Dokumenta til planarbeidet finn du her: Arealplaner.no

Dokumenta i saka finn du her: Postlista