Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Tips 3: Bruk evnene dine og knytt band til andre menneske

Tips 3: Bruk evnene dine og knytt band til andre menneske

Kontakt med andre er viktig for alle menneske, uansett alder. For den som bur åleine, kan det vere ekstra viktig med frivillig arbeid og sosiale fellesskap.

to menn spelar spel - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Når vi er sosialt aktive, førebygger vi einsemd. Det å vere sosial har også gode følger for livskvaliteten og den psykiske helsa. Det gjer oss betre i stand til å meistre livssituasjonen vår.

Svært mange erfarer at det gjer godt å gjere ein innsats og bety noko for andre enn seg sjølv. Då knyter vi band, opplever eigenverdi og meining og førebygger helseplager. 

 

Denne artikkelen høyrer til «4 tips til 65+». Det er ein lokal kampanje der vi gir nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

 

Utfordre oss for å halde oss ved like

Ta eit bevisst val: Kor vil du bruke tida og ressursane dine? Tenk over: Korleis kan du utfordre deg sjølv fysisk, psykisk og sosialt no? Vi treng å utfordre oss for å halde oss ved like og utvikle oss som menneske, heile livet. Både fysisk og mentalt.

Har du ideen til ein ny aktivitet som både du sjølv og andre kan ha glede av? Kanskje har du lyst til å lære noko heilt nytt?

Kanskje kan du eit handverk som yngre generasjonar vil ha glede av å lære? Kvifor ikkje melde seg som leiar i ein frivillig aktivitet for barn og unge?

 

Mange moglegheiter i Herøy

I Herøy er frivilligsentralen eit flott knutepunkt for frivillig innsats og sosial kontakt. Der er mange eldre engasjerte. Ta kontakt og delta på det som rører seg der!

Kanskje kan du vere støttekontakt i Herøy eller hjelpe til med å køyre ut middag til dei som treng det? Då er du til nytte og gjer noko godt for andre – og for deg sjølv.

Treningstilbodet Sterk og stødig treng fleire instruktørar, kanskje er det deg? Her finn du kontaktinformasjonen til Sterk og stødig i indre og ytre Herøy.

Vi har dessutan ei rekke lag og organisasjonar i Herøy der du kan delta som den du er og med det du kan.

Sjekk også sidene til Senteret for eit aldersvennleg Noreg og klikk på frivillig.no – der finn du oppdrag for frivillige i området ditt.

 

Gå til hovudsida til kampanjen «4 tips til 65+»

 

Seksjon for rehabilitering i Herøy kommune har samla og tilrettelagt informasjonen i denne teksten. Informasjonen er henta frå statlege og kommunale kjelder.

 

Tre herøyværingar fortel

Få også med deg korleis tre av innbyggarane våre ser på det å bli eldre: