Besøksheim - ei trygg og viktig omsorgsordning i Herøy kommune

Kva er ein besøksheim?

Ein besøksheim er ei frivilleg omsorgsordning der ein familie tek imot barn i helgar og eventuelt feriar. Ordninga skal gi barn ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag i periodar der dei treng fleire vaksne rundt seg. Besøksheimen er tidsavgrensa oppdrag, og familien fungerer som oppdragstakar for barnevernstenesta.

leser bok med lommelykt - Klikk for stort bilete Stocksnap

Besøksheimen skal bidra til å gi barn gode opplevingar, tryggleik og stabile rammer. Ordninga skal vere eit supplement til heimen barnet bur i til dagleg. 

Kven kan vere besøksheim?

Både einslege, par og barnefamiliar kan søkje. Ein føresetnad for å verte besøksheim er at ein har ein stabil livssituasjon og kan binde seg til oppdraget minst 1 år. Det må ikkje vere store livskriser, rusproblem eller psykiske problem i familien. Det vert krevd at familien har evne til innleving og forståing for barn sine behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleve ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det borna treng mest. Begge besøkeforeldre må levere politiattest.

Kven er besøksborna?

Besøksborna er born som har hjelpetiltak i barnevernet i ei eller anna form. Besøksborna har ofte ein krevjande situasjon heime.  Borna treng avlastning og fleire vaksne rundt seg for å kunne sjå andre handlingsmønster i ein familie. Kontakta med dei vaksne har som mål å gje borna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på borna er frå 0 til 18 år.

Korleis bli ein besøksheim? 

Skriv ein søknad og send den til: barneverntenesta@heroy.kommune.no

Du vert kalla inn til ein samtale.

Du får ei stadfesting som skal leggast ved søknad om politiattest.

Du sender søknad om politiattest til politiet. Meir informasjon om korleis det vert gjort finn du her https://www.politiet.no/tjenester/politiattest/

Når barnevernet har motteke politiattesten, vert du kalla inn til ny samtale. 

Du vil får informasjon om oppdraget, teieplikt, rettleiing og økonomisk godtgjerdsle.

Det vert det skrive ei oppdragskontrakt.

Godtgjerdsle som besøksheim

Besøksheim er oppdragstakar i Herøy kommune og vert lønna etter den sentrale særavtalen om avlastere SGS1030. Beløpet vert justert årleg. Det vert betalt utgiftsdekning pr døgn pr barn og det er ulik sats for barn under og over 10 år. Det vert også utbetalt arbeidsgjodtgjerdsle pr døgn pr barn med ulik sats for barn under og over 10 år. Lønna er skattepliktig. Det vert ikkje utbetalt feriepengar. Det er vanleg å vere besøksheim kvar 3. eller 4. helg eller etter individuell avtale. Køyregodtgjerdsle vert ytt etter staten sine satsar.

For meir informasjon; https://www.heroy.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/barnevern/