Prosjektleiar Bjørnar Eikenes ønsker alle lykke til!
Svein Arne Orvik
Slik fungerer Ti på topp
Først kjøper du eit klippekort. Prisen er 100 kroner. Samtidig kan du få med ei forklaring til turmåla og kart (PDF, 4 MB).
Turane er tilpassa ulike målgrupper. Nokre turar er lette, andre meir krevjande.
På kvar topp finn du ei klype som du brukar til å sette merke på klippekortet.
Kjem du over ein topp der du ikkje finn klypa? Ta i så fall kontakt med prosjektleiar Bjørnar Eikenes. Du skal sleppe å gå på ein topp fleire gongar. Sett eit kryss på turmålet med penn. Men vi vil gjerne ha beskjed om at der manglar klype. Kontaktinformasjonen finn du nedst på denne sida.
Til slutt leverer du inn klippekortet – seinast 20. oktober på servicetorget på Herøy rådhus.
Og premiane? Dei kan du lese om nedanfor.
Her får du kjøpt klippekortet
Frå 26. mars kan du kjøpe klippekort. På servicetorget kan du betale kontant og på vipps. På dei andre utsalsstadane kan du berre betale med vipps.
Her kjøper du kortet:
- Spar Fosnavåg
- Svingen
- Kiwi Myrvåg
- Intersport Fosnavåg
- Servicetorget på Herøy rådhus
Toppane i 2025
- 1 A: Vardane/Linken
- 1 B: Hornseten
- 2 A: Storevarden
- 2 B: Herøy gard
- 3 A: Skåla
- 3 B: Skaret
- 4 A: Teigetua
- 4 B: Mørkevatnet
- 5 A: Børa
- 5 B: Golleneset
- 6 A: Heida
- 6 B: Heid tursti, gapahuken
- 7 A: Igesundhetta
- 7 B: Mulevika
- 8 A: Rambjøra
- 8 B: Kvia
- 9 A: Bjørnehiet
- 9 B: Svartevatnet
- 10 A: Rjåhornet (Leikong)
- 10 B: Dynamitt-skuret på Leikong
- 11 A: Huldrehornet
- 11 B: Lysløypa på Leikong
- 12 A: Øyrahornet
- 12 B: Djupvikvatnet
A- og B-turar
Her ser du kva turar som passar for ulike målgrupper.
I parentesane står det kor mange klipp/turar du treng for å ha fullført årets Ti på topp:
- 0–12 år: B (5 klipp/turar – kortet må merkast med alder)
- 13–69 år: A (10 klipp/turar)
- 70+ år: B (5 klipp/turar – kortet kan merkast med alder)
- personar med nedsett funksjonsevne: 5 klipp/turar
Har du helseplager (skal ikkje dokumenterast), kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere dei med A-turar.
Det viktigaste er at du får oppleve gleda ved å kome deg ut.
Vi ønsker deg eit flott turår!
Les meir om bakgrunnen for Ti på topp.
Premiering
Dei tre første åra du fullfører, får du bronsemedalje. Dei tre neste åra får du sølvmedalje og dei tre påfølgande åra gullmedalje. Fullfører du ti år, får du pokal.
Deretter får du nye medaljar for kvart år du fullfører. Og fullfører du tjue år, får du ein ny – og større – pokal!
Kontaktinformasjon
Bjørnar Eikenes, prosjektleiar
Telefon: 94 79 41 00 (dagtid på kvardagar)
E-post: bjornar.eikenes@heroy.kommune.no