Svein Arne Orvik
Du har kanskje allereie vore på Runde og opplevd fuglefjellet? Opplev Runde - Book opplevelser og aktiviteter på Runde
Då kan du vere klar for ein av dei andre fine fjellturane i Herøy, for eksempel Muletua i Kvalsvika, turbeskriving finn du her: Morotur
Denne turen er flott å avslutte med eit bad i hærlige Mulevika.
Mulevika
Marit Sævik Leinebø
Om du har lyst å utforske den flotte naturen via SUP-brett eller sykkel kan du stikke innom BUA i Herøy der kan du låne utstyr gratis – til dømes hagespel, rulleskøyter, fiskestenger, SUP, packraft, skateboard, syklar og telt
Om du har lånt artige sommarleikar eller ein sykkel kan Herøy gard og Herøy kystmuseum vere ein flott destinasjon
I dette området har også Herøy kajakklubb base, og på deira heimeside Herøy kajakklubb finn du kart med flotte turforslag.
I tillegg til BUA er det mange andre gode fritidstilbod som er gratis;
Om du no har lyst å oppleve enda meir kan vi anbefale:
Du kan velje mellom mange ulike alternativ for overnatting, alt frå telt til hotell via enkle hytter, rorbuer, luksushytter og bubilparkering. Kjem du i båt finnast det fleire alternative gjestehamner.
Turistinformasjonen på Herøy folkebibliotek, Herøy gard, Thon hotell Fosnavåg eller Runde miljøsenter har mykje nyttig informasjon til deg som besøkande.
Her kan du sjå nokre bilder frå kommunen:
Om du enno ikkje har vore i Herøy – så ønsker vi deg hjarteleg velkomen!