Er du pårørande til nokon med rusutfordringar?

Desember månad kan romme mykje på ein gong - lys, forventningar og samvær, men også kan uro, bekymringar og sakn vil vere ein del av mange sin kvardag. Når ein står nær nokon som strevar med rusutfordringar, kan høgtida vere med på å forsterke desse kjenslene ein går med. 

To lys - Klikk for stort bilete AdobeStock

For å gi støtte i denne tida, inviterer psykisk helse og rus i Herøy til to samlingar der pårørande kan finne fellesskap og eit lite pusterom.

Det kan bety mykje å få møte andre som kjenner att uroa, ansvaret og den stille sorga som ofte følgjer med denne pårøranderolla. I fellesskap kan ein oppleve å få håp, styrke og minne kvarandre om at det finst måtar å stå i det krevjande på - også når dagane bølgjer ekstra på i mørketida.  

Samlingane krev ingen forkunnskap, og du vel sjølv om du vil dele eller berre vere tilstades. Her handlar det om å kjenne seg mindre åleine og ufarleggjere det å møte andre i same situasjon. Kanskje får du med deg ein ny tanke, eit lite verktøy, eller berre kjensla av at du ikkje er åleine. 

Det vil bli enkel servering av frukt og kaffi, og elles vil det bli høve til å kjøpe seg noko i kafeen. Dagen startar klokka 13.00 både 9. og 16. desember. (PDF, 4 MB) Hugs å melde deg på innan 03.12.2025 (sjekk programmet).

Oppmøtestad : Svingen på Eggesbønes