Fullt hus på byutviklingsmøte

Ideane sat laust då det 25. april var to byutviklingsmøte i Fosnavåg: eitt for handelsstanden og eitt for næringslivet elles.

ordføraren held innleiing for eit fullsett seminarrom - Klikk for stort bilete Lisa Dorthe Sævik Valø

Mange møtte opp, og på møtet med næringslivet var lokalet heilt fullt. Dette vitnar om stort engasjement for utviklinga av Fosnavåg sentrum.

Civitas og KIMA arkitektur arrangerte møta på oppdrag frå Herøy kommune. Møta er ein del av arbeidet med å lage utviklingsplanen for sentrum. Dette er eit arbeid som skjer på oppdrag frå dei folkevalde i kommunen og med pengar frå fylkeskommunen.

Tidlegare har det vore ideverkstad for ungdom.

Norsk Havsenter i sentrum

Ordførar Tine Storøy opna begge møta før Civitas og KIMA arkitektur lufta tankar og idear om parkering, køyremønster og arealbruk i sentrum. Handelsstanden og næringslivet fekk kome med innspel og dele sine tankar og meiningar.

Det blei god diskusjon i salen, og arkitektfirmaa tek med seg mange nyttige innspel inn i det vidare arbeidet med utviklingsplanen for Fosnavåg sentrum.

Sissel Ødegård frå Herøy næringsforum la fram planane om Norsk Havsenter – til stor begeistring frå dei frammøtte. Det kom fleire innspel om kvar dette burde lokaliserast. Deltakarane var einige om at havsenteret må ligge i sentrum.

Forslag om sentrumskoordinator

I møtet med handelsstanden handla diskusjonen om gågate i sentrumskjernen, køyreretning, sykkel og gangfelt, parkering – og om korleis besøkande skal få nytta sentrumsnære parkeringsplassar.

Merkevarebygging av Fosnavåg sentrum blei lyfta fram. Det same blei spørsmålet om korleis ein kan skape eit triveleg sentrum for besøkande og buande.

Eit stort ønske frå handelsnæringa er å få på plass ein sentrumskoordinator som kan jobbe med merkevarebygging og å koordinere aktivitetar og arrangement i sentrum.

Det blei også sagt at det å halde seg til planen og ikkje vike ifrå denne vil vere viktig for å skape ei felles retning.

Ønsker meir grunn i sentrum

I møtet med næringslivet elles blei trafikkmønsteret i sentrum diskutert: Kvar trengst det tiltak og kva kan bli utfordrande? Spesielt krysset ved asylmottaket (gamle Herøy hotell) blei lyfta fram som eit tiltak det bør gjerast noko med.

Fartsgrensa gjennom sentrum, nye gatetverrsnitt med meir rom for gåande og endra køyreretning var oppe til diskusjon.

Omsorg- og eldrebustadar var diskutert, og tankar om å få apoteket til sentrum blei lufta. Næringslivet var også einige i at det må jobbast med merkevarebygging av Fosnavåg sentrum for å setje Fosnavåg på kartet.

Den største diskusjonen handla om at fleire bedrifter treng meir grunn i sentrum dersom dei skal klare å utvikle bedriftene sine og skape fleire arbeidsplassar. Aktørar som eig grunn i sentrum var einige i at dette må bli prioritert.

Etter dei to møta hadde Civitas og KIMA arkitektur ein til ein-møte med aktørar som har planar om å bygge ut i sentrum.

 

Referent: Lisa Dorthe Sævik Valø, planleggar i utviklingsavdelinga i Herøy kommune