Svein Arne Orvik
Om du er mellom 12 og 25 år og bur i Herøy kommune, så er du velkomen til ideverkstad!
Kvar i sentrum liker du å vere, og kvifor? Kva kjenneteiknar Fosnavåg? Kva slags møteplassar manglar i sentrum? Dette er noko av det ideverkstaden vil handle om.
Tid: måndag 11. mars klokka 17.00–19.00 (Det blir servert pizza frå klokka 16.30.)
Stad: Herøy kulturhus
Grip sjansen til å vere med og påverke framtida til Fosnavåg. Det blir ein spennande engasjerande ideverkstad der du får ytre meiningane dine og kome med eigne tankar!
Ideverkstaden er ein del av arbeidet med å lage utviklingsplanen for sentrum, eit arbeid som skjer på oppdrag frå dei folkevalde i kommunen og med pengar frå fylkeskommunen.
Civitas og KIMA arkitektur arrangerer ideverkstaden for Herøy kommune.
Klikk her for å melde deg på!
Du kan også følge QR-koden for å melde deg på:
