Kontakt lege for å få vaksine

Er du eldre eller i ei risikogruppe, og har ikkje tatt vaksine enno? Kontakt lege for å avtale tid.

ei vaksinesprøyte blir sett i ein arm - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Er du 65 år eller eldre? Då er du anbefalt å ta vaksinane mot influensa, koronasjukdom og pneumokokksjukdom (lungebetennelse) uansett.

Er du yngre enn 65 år? Då er du anbefalt å ta vaksine dersom du er i ei risikogruppe. Sjå lenkene nedanfor og spør legen din viss du er i tvil om kva som gjeld for deg.

Massevaksineringa på sanitetshuset er over for denne sesongen. No gir vi vaksine på legesentera. 

Kontakt Fosnavåg helsehus for å få koronavaksine, uansett kva fastlege du har. 

Kontakt fastlegen din for å få influensavaksine og pneumokokkvaksine. 

Her finn du kontaktinformasjonen: 

Meir informasjon om målgruppene

Sjå kven som er anbefalte å ta influensavaksine

Sjå kven som er anbefalte å ta koronavaksine

Sjå kven som er anbefalte å ta vaksine mot pneumokokksjukdom (lungebetennelse).