Kulturmiljøplan 2026-2030 - offentleg høyring

Planen skildrar historia, kulturmiljøa og kulturminna som har forma øykommunen vår gjennom fleire tusen år, og peikar på verdiar og ressursar som er viktige å ta vare på i tida framover.

Naustrekke - Klikk for stort bileteNaustrekke Frode Pilskog

Planen er ein temaplan som skal gi kunnskap, oversikt og retning for korleis vi kan forvalte kulturmiljøa i Herøy på ein berekraftig måte. Han er utarbeidd med bidrag frå fagmiljø, innbyggjarar, lag og organisasjonar – og er eit viktig grunnlagsdokument for vidare arbeid.

Del 4 – handlingsplanen – vil bli utvikla vidare i 2026, og i dette arbeidet blir det lagt opp til ny, brei lokal medverknad. Høyringsrunden som no startar er difor viktig for å sikre ei god forankring før det vidare arbeidet tek til.

Dokumentet:

Forslag til Kulturmiljøplan 2026-2030 (PDF, 17 MB)

Høyringsfrist: 16. februar 2026

Alle kan sende inn høyringsinnspel. Vi ønskjer særleg at innbyggjarar, grunneigarar, lag, organisasjonar og fagmiljø nyttar høvet til å kome med kommentarar, forslag og merknader.

Høyringsinnspel kan sendast i dette skjemaet. Merk høyringsinnspel med :

  • Årstall: 2026
  • Mappenummer: 220

 

Politisk behandling:

Planen skal etter høyringa opp i kommunestyret 19. mars 2026.

Herøy kommune takkar alle som har bidrege i arbeidet så langt, og ser fram til vidare dialog om korleis vi saman kan ivareta kulturarven og byggje gode, levande lokalsamfunn.