Kvalsvika skule til salsHerøy kommune eig skulebygget i Kvalsvika. Bygget har stått ei tid utan drift og kommunen ønskjer no å selje bygget Lene Huldal Det gjeld gnr/bnr 6/18 og 23, sjå gjerne på Summørskart: Kart - Kvalsvik skule .Bygget ligg i idylliske Kvalsvika med fin havutsikt. Det er eit stor planert uteområde og tilhøyrande utebod. Bygget har store rom med gode lysforhold. Det fyl med ein del inventar som står der i dag.Marknadsverdi er i følgje takstrapport 550 000 kroner. (PDF, 15 MB) Har du spørsmål eller ønskjer å sende inn eit bod? Ta kontakt med Lene S. Huldal, lene.huldal@heroy.kommune.no. Vi ber om at eventuelle bod vert sendt innan 23. februar 2026. Publisert 12.01.2026 13:00 Sist endra 12.01.2026 11:12