Legetenesta med fagdag den 19. november
Legetenesta i Herøy kommune har fagdag 19. november. Frå klokka 12:00 er det endringar for den som ønskjer kontakt med lege.
Nedlast frå Adobe Stock
Kommuneoverlege Jan Magne Remøy opplyser at det vert utført akutt legearbeid ved Herøy legesenter frå klokka 12:00. Myrvåg legesenter og Fosnavåg Helsehus, vil halde stengt frå klokka12:00.
All kontakt vil verte handtert frå Herøy Legesenter i perioden 12:00-15:30. Etter dette er det vanleg drift med legevakt.
Publisert 13.11.2026 14:20
Sist endra 13.11.2026 14:20