Klare til vaksinering.
Janita Westbø Remøy
Det vart sett 787 doser med vaksine denne dagen opplyser verksemdleiar Janita Westbø Remøy. Det var 422 doser med influensavaksine, 257 doser med Covid-vaksine og 108 doser med Pneumokokkvaksine.
Medan fagfolk fekk registrere og sette vaksine, hadde Herøy sanitetsforeining både vakthald, loddsal og sal av kaffi og kake. Tida etter vaksineringa gjekk fort!
Neste vaksinasjonsdag ved Herøy kulturhus er tysdag 17. november i tida 11.00-17.00. Du kan lese meir om vaksinering i artikkelen «Tid for vaksinering».