No kan du bruke Helsenorge til å kontakte legane våre

Frå i dag kan du bestille time, fornye reseptar og sende meldingar til legesentera våre gjennom Helsenorge.

ei lege og ein pasient snakkar saman - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Det kan du gjere på to måtar:

Tenestene på Helsenorge er utvikla etter strenge krav til tryggleik og personvern. Derfor kan du trygt utveksle informasjon om helsa di med legen gjennom Helsenorge. 

Vi oppmodar alle om å nytte Helsenorge. Her kan du lese meir om korleis du tar i bruk Helsenorge til å ha kontakt med legen.

Framleis mogleg å ringe

Om du helst vil ringe til legesentera våre, vil du naturlegvis framleis kunne gjere det. 

Sjå kontaktinformasjonen til Herøy legesenter, Myrvåg legesenter og Fosnavåg helsehus

Brukar ikkje lenger Helserespons

Legesentera går vekk frå tenesta Helserespons samtidig som dei tar i bruk Helsenorge til å ha digital kontakt med innbyggarane. Dette skiftet heng saman med at vi får nytt pasientjournalsystem.

Den første tida etter 9. november kan det bli litt ekstra ventetid på telefonen til legesentera. Grunnen er arbeidet med å skifte system.