Nyskapande elevar: – Fisken skal ha det bra

Korleis sikrar vi fiskevelferda? Det er eitt av oppdraga Herøy-elevar bryner seg på i innovasjonscampen denne veka.

elevar samla rundt ein 3D-skrivar - Klikk for stort bilete3D-skrivaren er eit nyttig verktøy når denne elevgruppa skal svare på oppgåva. Frå venstre: Emma Brekke Herskedal, Hedda Victoria Helde Holm, Tanadon Stark, Eira Sævik, Emanuel Leinebø Svoren. Svein Arne Orvik

I innovasjonscampen samarbeider niandeklassingane ved Stokksund skule og Ytre Herøy ungdomsskule tett med ei rad av bedriftene i kommunen. Veka er ei nyskaping i seg sjølv: Innovasjonscampen er den første i Herøy.

Kvaliteten på maten

«Lag eit system eller eit produkt som overvakar at fisken har det bra heile vegen frå oppdrettsmerden til han blir slakta.»

Dette oppdraget er ei elevgruppe ved Ytre Herøy ungdomsskule i full sving med å løyse når vi er innom. Det er MMC First Process som har gitt oppdraget.

– Det er veldig viktig for selskapet at fisken skal ha det bra. Viss ikkje røyra dei brukar er heilt glatte, så blir fisken lett skada. Det kan også gå utover kvaliteten på maten, fortel elevane. 

Dei starta veka med å besøke MMC First Process på Mjølstadneset. Selskapet leverer system som handterer levande fisk.

tre elevar i eit klasserom  - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Sjekke fisken

– Laksen kan ha lus på seg. Så vi må finne ut ein måte å sjekke fisken på, seier elevgruppa. 

Dei har bestemt seg for å foreslå eit heilt system som svar på oppdraget: 

– Systemet vårt skal blant anna sjekke storleiken på fisken, fjerne lus med laser, bruke kamera for å avdekke sjukdom, halde fisken aktiv og oppbevare han på ein god måte fram til han skal slaktast.

3D-modell

Elevane jobbar intenst med både sjølve løysinga – og med korleis dei skal presentere ho for oppdragsgivarane og juryen.

Og i øvste etasjen på skulen har elevane sett i sving ein 3D-skrivar. Han lagar det som skal bli ein del av presentasjonen deira: ein tredimensjonal modell av systemet.

Rådgivar Elisa Giskeødegård Hareide ved Ytre Herøy ungdomsskule fortel at det har vore ei kjekk veke. 

– Elevane har vore svært kreative og funne gode løysingar på oppgåvene. Eg trur det har vore veldig lærerikt for dei å få samarbeide så tett med bedriftene om reelle oppdrag, seier Hareide.