Samla støttekontaktane: – De gjer ein viktig jobb

Brannførebygging stod på dagsordenen då støttekontaktane våre var samla nyleg.

ein mann held føredrag for ei gruppe menneske - Klikk for stort bilete Camilla Kvalsvik Aksnes

Avdelingane pleie og omsorg, psykisk helse og rus og bu og habilitering inviterte nyleg inn alle støttekontaktane til det årlege fellesmøtet. Det var godt oppmøte, om lag 40 støttekontakter deltok.

Bli støttekontakt, du òg!

– Mange eldre har stor nytte og glede av denne tenesta. Med ein støttekontakt kan folk klare seg lenger i sin eigen bustad. Dei aller fleste vil bu heime så lenge som mogleg. Tusen takk til alle som er støttekontaktar. De gjer ein viktig og god jobb i samfunnet, seier fagkonsulent Camilla Kvalsvik Aksnes. 

Ei populær teneste

På programmet stod informasjon om

  • korleis vi førebygger brann – ved Frank Steinsvik frå Herøy brann og redning
  • teieplikt, timelister, lønnsslippar med meir – frå dei som er kontaktpersonar for støttekontaktane i dei ulike avdelingane: May Gunn Ertesvåg, Julie Slenes Leine og Camilla Kvalsvik Aksnes

Fellesmøtet blei ei fin stund der støttekontaktane fekk treffast, snakkast og ete lunsj i lag. 

Stadig fleire har dei siste åra søkt om å få tenesta støttekontakt. Det er ein forventa auke, med tanke på at vi blir fleire og fleire eldre i kommunen.