Starta jobben med utviklingsplanen for Fosnavåg

Korleis skal Fosnavåg utviklast vidare? Utviklingsplanen skal vise veg.

11 personar samla på kaikanten i Fosnavåg - Klikk for stort biletePå synfaring i Fosnavåg (frå venstre): arkitekt og dagleg leiar Inge Hareide i Kima arkitektur, varaordførar Karl-Oskar Sævik, sosialantropolog og urbanist Sverre Bjerkeset i Civitas, arkitekt Stine Gallefoss i Kima arkitektur, samfunnsgeograf og arealplanleggar Daniel Mathé i Civitas, samfunnsgeograf Olav Fosli i Civitas, sivilingeniør og prosessleiar Jomar Lygre Langeland i Civitas, planleggar Lisa Dorthe Sævik Valø i Herøy kommune, ordførar Tine Storøy, kommunalsjef Tor Halvar Botnen og utviklingsleiar Ole Magne Rotevatn i Herøy kommune. Svein Arne Orvik

Folkevalde, kommuneadministrasjonen og næringslivet har denne veka hatt møte med selskapa som skal lage planen.

Planen blir laga fordi byutviklingsgruppa – det vil seie utvalet for samfunnsutvikling – i januar 2023 gav administrasjonen i oppdrag å jobbe med å utvikle byen vidare. Herøy kommune vil at Fosnavåg 

  • skal vere det naturlege sentrumet som blir nytta aktivt av innbyggarar og besøkande
  • får fleire innbyggarar – det gjeld både sentrum og kommunen samla 
  • har eit attraktivt sentrum for alle med gode møteplassar for handel og oppleving 

Les meir om bakgrunnen for prosessen her.

– Eg er glad vi er i gang med prosjektet om sentrumsutvikling. Eg ser fram til ein god prosess med brei involvering frå næringsliv, ungdom, grunneigarar, kommunen og andre som vil bidra positivt med innspel, seier ordførar Tine Storøy.

Snøbyer og byvandring

Selskapet Civitas, i samarbeid med Kima arkitektur, har fått oppdraget med å lage utviklingsplanen for Fosnavåg sentrum.

– Vi er veldig fornøgde med dei to dagane vi har vore i Fosnavåg. Byen har eit stort utviklingspotensial og ei rik historie som kan bli meir synleg i bybildet. Vi har hatt gode møte med næringsliv og politikarar og fått mange idear om prosjekt som kan realiserast, også på kort sikt, seier prosessleiar Jomar Lygre Langeland i Civitas.

Onsdag hadde kommuneleiinga, sektor for samfunnsutvikling, Civitas og Kima først oppstartmøte for arbeidet. Så trassa dei snøbyene og gjekk ein runde for å studere ulike delar av sentrum.

Deretter var det møte med næringslivet på Thon Hotel Fosnavåg, før selskapa presenterte seg for utvalet for samfunnsutvikling på rådhuset.

Tre personar i snøver i Fosnavåg - Klikk for stort bileteSosialantropolog og urbanist Sverre Bjerkeset i Civitas, ordførar Tine Storøy, arkitekt og dagleg leiar Inge Hareide i Kima arkitektur i Fosnavåg onsdag. Svein Arne Orvik

Dialog med folkevalde og innbyggarar

– I heile teamet fra Civitas og Kima arkitektur gler vi oss til å ta fatt på arbeidet med utviklingsplanen. Vi ser fram til nye treff med både ungdom, handelsstanden, næringslivet, politikarar, entusiastar og organisasjonsliv elles, seier prosessleiar Jomar Lygre Langeland i Civitas.

Utviklingsplanen vil bli brukt til å løyse ut midlar frå fylkeskommunen og til områderegulering. Dermed vil planen bidra til at utviklingsarbeid og prosjekt kan kome i gang raskare og enklare enn før.

Innbyggarane vil få gode moglegheiter til å kome med innspel undervegs i arbeidet med planen. Det vil bli eigne møte med handelsnæringa og næringslivet elles, ungdomsverkstad og ope møte der alle kan vere med.