Dei tilsette i psykisk helse og rus.
Othelia Moltu
Meir enn 700.000 personar døyr i sjølvmord ifølge Verdens helseorganisasjon (WHO). I Noreg gjeld dette i overkant av 600 personar kvart år, ifølge tal frå FHI. Omfanget av eit sjølvmord, strekk seg langt utover den einskilde. Det råkar familiar, kjenningar og oss som lokalsamfunn. Samstundes viser estimat frå WHO at det for kvart sjølvmord er anslagsvis 20 personar som har alvorlege sjølvmordstankar, eller som har forsøkt å ta sitt eige liv.
I 2020 satte regjeringa i gang ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Ordet handling er i denne planen eit nøkkelord for personar som står i ein slik situasjon. Likevel sit fleire med vanskelege tankar for seg sjølve.
I år ynskjer vi i avdeling for psykisk helse og rus å markere denne dagen med å sette lys på ei av mytane knytt til sjølvmord.
Myte: Det å snakke om sjølvmord kan sette ein person på tanken om å ta sitt eige liv.
Ifølge Nasjonal senter for selvmordsforskning og forebygging vil det å snakke om sjølvmord IKKJE sette ein person på tanken om å ta sitt eige liv. Sjølvmordstankar er ofte knytt til vanskar i ein person sitt liv. Forskinga viser at det å snakke om desse kan vere ein vegopnar for betring over tid.
Til deg som sit inne med mørke og tunge tankar. Gløym ikkje at det hjelp å ha nokon å dele desse tankane med. Nøl ikkje med å ta kontakt. Vi har ingen å miste.
Kven kan du snakke med?
Det kan være vanskeleg å dele tankar ein sjølv sit på med nære eller kjende. I tråd med nullvisjonen for sjølvmord har vi i Noreg utvikla fleire tenester beståande av fagfolk spesialiserte for å snakke med folk som har det vanskeleg, som står i ei krise, eller berre har behov for nokon å prate med.
Hjelp i kommunen
Terskelen skal være låg for å få hjelp i Herøy Kommune. Teneste for psykisk helse og rus er eit tilbod til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande. Vi tilbyr våre tenester til personar i alle aldrar. Tenesta legg vekt på nettverket, og har låg terskel for samarbeid med fastlegen, NAV, helsestasjon, sjukehus og andre aktuelle å samarbeid med. Vårt team er sett saman av tverrfagleg kompetanse. Samstundes er vi fleksible og kan møte den enkelte på deira sitt behov, som ved t.d. heimebesøk. Tenesta er tilgjengeleg måndag – fredag i tida 08:00-16:00. Dersom du har behov for hjelp knytt til psykisk helse og rus kan du kontakte tenesta, fastlege, eller legevakt på tlf. 116117.
Du kan lese meir om tenesta psykisk helse og rus på nettsida.
Ved akutt behov: ring tlf. 113.
Mental Helses hjelpetelefon: 116 123 Hjelpetelefonen er eit døgnopent telefontilbod. Hjelpetelefonen har også tenesta sidetmedord.no med døgnopen chat.
Kirkens SOS: 22 40 00 40 Ein døgnopa (livssynsnøytral) krigsteneste også på heilagdagar.mogleg Kirkens SOS tilbyr en anonym og uforpliktande samtale på krisetelefonen eller kontakt via chat på nettsidene.
Foreldresupport: 116 123 (tast 2) Foreldresupport er ein døgnåpen telefon- og chattetjeneste for omsorgspersoner som treng hjelp, veiledning eller har behov for å lufte tankene sine med nokon. Det er veilederar frå Mental Helses hjelpetelefon som svarar på henvendelsar.
Foreldrestøttelinjen: 905 70 575 Voksne for Barn tilbyr rådgivning om barn og unge på polsk, litauisk og russisk til østeuropeiske foreldre i Norge. Dei gir råd på telefon tysdagar kl. 16-19 og på e-post..
Alarmtelefonen: 116 111 Telefonen er for barn som blir utsatt for omsorgssvikt, vald og overgrep. Også voksne som er bekymra for barn og unge, kan ta kontakt med sentralen.
Barn og ungdom
Røde kors for barn og ungdom: 800 33 321 Barn og unge som treng nokon å snakke med kan ringe til Røde Kors-telefonen for born og ungdom.
Det er også mulig å sende melding eller chatte via nettsidene: www.nymentalhelseungdom.no, www.korspahalsen.no, Mental Helses www.sidetmedord.no, eller Blå Kors sin tjeneste www.snakkompsyken.no.
Nyttige lenker
Nasjonal senter for selmordforskning og forebygging
Landsforeininga for etterlatte ved selvmord