Ordførar Ann-Kathrin Almestad Storøy i den pynta kommunestyresalen på Herøy rådhus. Her får mange brudepar ei høgtideleg og personleg ramme rundt den store dagen.
Silje S. Mork
Ei av dei mest meiningsfulle oppgåvene
For Ann-Kathrin Almestad Storøy er vigslene noko av det mest givande ved ordførarvervet.
– Kvar vigsel er unik. Å få vere vitne til at to menneske vel kvarandre og tek steget inn i eit nytt kapittel saman, er både rørande og meiningsfullt. Det er slike augneblinkar som gjer denne delen av jobben ekstra spesiell, seier ho.
Ei vakker ramme rundt den store dagen
Mange vel å ha vigsla i kommunestyresalen på rådhuset. Der er det lagt til rette for ei høgtideleg markering i fine omgjevnader.
– Kommunestyresalen er både høgtideleg og personleg på same tid. Vi pyntar fint til vigsel, og rommet gir ei verdig ramme rundt seremonien. Eit av måleria i salen viser ei bru, og eg synest det er eit fint symbol på det å inngå ekteskap. Å gifte seg handlar òg om å byggje bruer, møte kvarandre på halvvegen og gå vidare saman, seier Storøy.
Pexels.com
Pexels.com
Fleksibelt og personleg
Herøy kommune ønskjer at vigsla skal opplevast som personleg og meiningsfull.
Så langt det let seg gjere, blir seremonien tilpassa ønskja til brudeparet når det gjeld stad og innhald. Ønskjer paret å gifte seg på ein stad som har ei særleg betydning for dei, prøver kommunen å leggje til rette for det. Litt planlegging må til i forkant, men målet er at dagen skal bli slik brudeparet ønskjer.
I Herøy kommune kan desse utføre vigsel:
- Ordførar Ann-Kathrin Almestad Storøy
- Varaordførar
- Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen
Gratis for innbyggarar i Herøy
Dersom ein av brudefolka er folkeregistrert i Herøy kommune, er vigsel på rådhuset i opningstida gratis.
For vigsel utanom ordinær opningstid, eller for tilreisande gjeld følgjande satsar for 2026:
- Vigsling laurdag, sundag og heilagdag: 1 500 kroner
- Vigsling av tilreisande: 1 000 kroner
Dette må de gjere før vigsla
Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten kontrollere at vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg er oppfylte.
De må:
Prøvingsattesten er gyldig i fire månader frå han blir skriven ut.
Bestill tid til vigsel her
Når søknaden er komen inn til kommunen og prøvingsattesten er motteken, tek vigslar kontakt for å avtale det praktiske rundt seremonien.
Velkomen til vigsel i Herøy
Anten de ønskjer ei enkel vigsel på rådhuset eller ei markering på ein stad som betyr noko ekstra for dykk, ønskjer Herøy kommune å bidra til at dagen blir slik de har drøymt om.
Her finn de meir informasjon om søknad og bestilling av borgarleg vigsel.
Vegen til ekteskapet – steg for steg – Skatteetaten