Med uro meinar ein observasjonar eller hendingar som fører til ei uro angåande barnet/ungdomen si helse, trivsel eller livssituasjon. Eventuelle spørsmål ut frå observasjonar eller hendingar kan indikere behov for å undersøke livssituasjonen nærare. Uro inneber ingen gjettingar eller konklusjonar. Skriv ned og systematiser observasjonar, kva som blir sagt og kva som konkret skjer. Dette er viktig for at du på eit seinare tidspunkt skal kunne undre deg og utdjupe saman med barnet og/eller føresette. Under finn du BTS-verktøy som kan vere til hjelp når du skal konkretisere uroa.
Nb. Eigne planar knytt til eleven sitt fysiske og psykiske skulemiljø finn du i Compilo. Planar knytt til trygt barnehagemiljø ligg i Vigilo.
Til deg som arbeider i vaksentenestene: Dersom du jobbar med ein vaksen som har barn, og du blir bekymra for barnet, skal du snakke med den vaksne om dette. Du skal oppmode dei til å ta det opp med barnehage, skule eller hjelpetenestene. Alternativt får du samtykke til å kontakte hjelpeapparatet for dei. Du skal alltid vurdere om dette er ei sak for barneverntenesta, jf. opplysningsplikt til barneverntenesta.
Hjelpemiddel:
Teikn og signal på manglande trivsel (PDF, 119 kB)
Skjema:
Skjema ligg som pdf og docx. Domument i docx kan brukast som arbeidsdokument.
Verktøy for å konkretisere eiga bekymring (DOCX, 77 kB)
Verktøy for å konkretisere eiga bekymring (PDF, 157 kB)