Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad

Alle barn har rett til å bli høyrt i alt som handlar om dei. Barn sin rett til å seie meininga si gjeld i heimen, på skulen, i kommunen, i fritida - kort sagt i alt dei driv med. Retten til å bli høyrt betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta når noko skal bestemmast. Meiningane deira skal vektleggast i aukande grad etter alder og modning. Dette er nedfelt både i Barnekonvensjonen og i Norges grunnlov §104.

Brukarmedverknad på individnivå

Brukarmedverknad på individnivå inneber at tilbodet til barnet og familien blir tilpassa ut ifrå deira behov. Fagpersonane skal legge til rette for at barnet og familien kan delta aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Herøy kommune har ein BTS-handlingsrettleiar som tilsette skal nytte når ein jobbar med barn og unge ein er bekymra for. Rettleiaren systematiserer korleis tilsette sikrar medverknad i møte med barn, unge og deira føresette.

Andre arenaer for medverkand:

  • Utviklingssamtale
  • Elevsamtale
  • Helsesamtale
  • Foreldresamtale i barnehagen
  • Klassens time
  • Samarbeidsmøte
  • Individuell plan-møte

 

Vil du lære meir?

Du kan lese meir om barn sin rett til medverknad og til å bli hørt på barneombodet si heimeside. Her ligg blant anna link til FNs konvensjonen for barn sine rettar, barnekonvensjonen.

I Visma Veilederen (lenka vil berre fungere for tilsette) kan du lære meir om barn sin rett til medverknad innan ulike fagområde. Her finn du også ein plakat om barn sine rettar.