Er du eldre eller i ei risikogruppe?

Gode råd til vaksne

Gode råd til vaksne

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vere avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som ser. Vi som arbeidar med barn og unge i Herøy kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. Her finn de nyttig informasjon om kven du kan kontakte dersom du er uroa for eit barne eller ein ungdom, samt gode råd som kan vere til hjelp. 

 

Desse kan du kontakte

Barnet sine føresette

Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom kan du ta kontakt med barnets/ungdommens foreldre eller andre pårørande. Du kan fortelje om di uro og kanskje foreslå å hjelpe. 

Dersom du vert avvist av foreldrene og fortsatt er uroa for barnet eller ungdommen tek du kontakt med barnevern, helsestasjon, barnehage eller skule. Det skal du også gjere dersom du kvir deg for å ta kontakt med familien direkte. 

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast.

Ta direkte kontakt med barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800)

Helsestasjon, barnehage eller skule

Du kan også kontakte helsestasjon, barnets barnehage eller barnets/ungdommens skule og dele di uro. Herøy kommune sitt servicekontor kan hjelpe deg med kontaktinformasjon, eller du kan finne kontaktinformasjon i lenkene under:

Avdeling service: 700 81 300

Herøy helsestasjon

Barnehage

Grunnskule

Herøy videregåande skule

Ulstein vidaregåande skule

Barneverntenesta

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, slik at dei kan få omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barn som av ulike årsakar har utrygge oppvekstvilkår kan ha rett på tiltak etter barnevernlova.

Her finn du informasjon om barnevernet og barnevernsvakta.

Ved mistanke om grov omsorgssvikt, vald eller overgrep ovanfor eit barn skal saka meldast direkte til barneverntenesta. Hugs at du alltid kan rådføre deg før du melder.

Melde frå til barnevernet som privatperson.

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Da kan du ta kontakt med politiet for råd og rettleiing. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Det lokale politiet finn du i Rådhusgata 7.

Vil du ringe? Telefonnummeret er 02800 og då blir du satt i kontakt med politiet nær deg.

Oversikt over tenester og tiltak til barn og unge i Herøy kommune

 

Gode råd til vaksne

Gode råd til trenere, instuktørar og leiarar i frivillig sektor
  • Sjå: å bli lagt merke til og hugsa på, blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt, og bruk namnet til barnet med respekt.
  • Lytt: Lytt til kva barnet/ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ungdommen si oppleving utan å avbryte eller korrigere. 
  • Gi: Å gi handlar om å vere inkluderande. Sjølv i konkurranseprega aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle. 
  • Forstå: Vis interesse og at du prøver å forstå. Tør å spørre korleis eit barn/ungdom har det- og toler svaret. 
  • Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å sette grenser og vere rettferdig. 
  • Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande forbilde som handtera ueinigheit og at nokon er annleis.

Møre og Romsdal idrettskrets sine nettsider er det samla tips, råd og fakta som kan danne grunnlag for arbeidet med tryggleik i idrettslaget. 

Kva signal bør du sjå etter

Barn som igjennom utviklinga er utsett for gjentatte krenkelsar, kan ofte være i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at fara er over. 

Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastlausheit, ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades. 

Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også være at teikna har ei heilt anna orsak. 

Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer, samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv. 

Psykiske teikn:

  • Barnet skvetter lett, er engsteleg
  • Konsentrasjonsproblem og uro
  • Irritabilitet og sinneutbrot
  • Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
  • Rusmiddelproblematikk
  • Sjølvskading
  • Hukommelsestap
  • Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)

Fysiske teikn:

  • Blåmerker
  • Auge- og ansiktsskader
  • Brannskader
  • Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
  • Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg

Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege. 

Korleis bør eg snakke med barn?

På nettsida snakke med barn finn du mykje god informasjon om korleis du kan gå fram dersom du skal snakke med born eller foreldre om noko som uroar deg. Her finn du informasjon om ulike tema, tips til korleis gå fram i samtalen og opplæringsmateriell. Du kan også øve deg i å snakke med born ved å gå inn her

Nyttige nettstadar

Her er ei oversikt over nokon nyttige nettstadar der du kan finne meir informasjon og gode råd. 

Det er kun ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt foreldra ikkje skal kontaktast. Ta direkte kontakt med barnevernstenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).

Averjingsplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Nettstaden plikt.no kan fungere som ein guide i situasjonar der du lurer på om du har plikt til å hindre vald eller overgrep.