Bli med på Ti på topp

Konsesjonsfridom

Konsesjonsfridom

Hovudregelen er at du kan kjøpe ein eigedom utan å søkje om konsesjon. Du må likevel stadfeste konsesjonsfridomen ved å fylle ut skjemaet her. (PDF, 222 kB) Dei same reglane gjeld om du har overtatt eigedomen som gåve eller arv.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Fylle ut skjema:

Det er den som skal ta over eigedomen som skal fylle ut skjemaet og sende det til kommunen. Er det fleire eigarar skal kvar ny eigar fylle ut skjema.

Sjekkliste ved utfylling:

  • Du skal alltid fylle ut opplysingane i punkt 1 og 2.
  • Krysse av i eit av punkta 3 til 6 viss mogleg, elles kan det hende du må nytte punkt 7
    eller 8. 
  • Til slutt skal du fylle ut punkt 10 med kryss, dato og signatur.

Hugs at du berre skal krysse av eit av punkta 3 til 8. Sjå elles rettleiinga på side 3 og 4 i skjemaet.

Send skjema til kommunen:

På eDialog (sikker innsending av skjema): eDialog

Sende inn i post: Herøy kommune, p.b 274, 6099 Fosnavåg

Du kan også levere skjema personleg i Servicetorget på Rådhuset.

Svar frå kommunen:

Du får skriftleg svar når vi har ført konsesjonsforholdet i Matrikkelen.

Normalt vil du få svar innan ei veke.

Det er fyrst når vi har ført konsesjonsforholdet at du kan sende inn aktuelle dokument (skøyte eller heimelserklæring) til Kartverket for tinglysing.

Kva kostar det?

Handsaming av konsesjonsfridom er gratis.