Bli med på Ti på topp

Adressetildeling

Adressetildeling

Alle eigarar av bustadhus, fritidsbustadar og næringseigedomar i Herøy som er tilknytt veg skal ha vegadresser. Derom du opplever at det vert nytta feil adresse på deg, så sjekk kva du står oppført med av adresse i Folkeregisteret.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Endre opplysningar i Folkereigisteret gjer du her skatteetaten.no/person/

Informasjon om din eigedom og adresse finn du på Kartverket sine nettsider.

Kven får tenesta

Vegadresse vert tildelt  bygningar som vert brukt  til bustad, fritidsformål, næringsverksemd , offentlig verksemd og annan verksemd som tener eit større publikum.  Bustadar med eigen  ytre inngang skal ha eige adressenummer. Eigedomar  og bygningar  får tildelt adresse til den veg eller gate som dei  har hovedadkomst fra. 

Ved nybygg vil eigar få brev om adresse samstundes som det vert gitt  igongsettingsløyve  for bygging

Bustadnummer

Bustadnummer nyttar ein der fleire bustadeiningar har same vegadresse, store bygg med felles inngang og bustadhus med fleire bueiningar. Bustadnummer inneheld ein bokstav for etasje og fire tal.  Eksempel H0201- Bustaden ligg i hovedetasje 2- leilighet 1.

Omadressering

Kommunen kan endre adressa på eigedomen din når dette er naudsynt, for eksempel når tilkomstvegen vert endra, når det vert gjort frådeling av nye tomter, oppsetting av nye bygg, eller når det er vanskar med å finne fram til ei adresse. Det er eigar som må koste nytt nummerskilt

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men det er eigar som må kjøpe og sette opp nummerskilt.

Klage

Klageretten over tildeling/endring av adresse er avgrensa til:

  • Kva for gate eller veg ein bygning skal ha adresse til
  • Kva for adressetilleggsnamn eller matrikkeladresse som er tildelt
  • Feil tildelt adressenummer eller bustadnummer

Klagen kan sendast til:  Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller postmottak@heroy.kommune.no

Meir om adressering finn du her:

https://www.kartverket.no/eiendom/adressering/Offisiell-adresse/

https://www.kartverket.no/Kart/Stedsnavn