Den enkelte sine ressursar, interesser og mål står sentralt, og målet er auka livskvalitet og meistring i eige liv.
Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar gjer ei systematisk kartlegging, og det blir i samarbeid med deg utarbeida mål som du synes er viktige å meistre i din kvardag. Teamet og heimebasert omsorg vil saman med deg samarbeide om å nå disse måla.
Kven er målgruppa?
- Du som ønsker å vere aktiv og bu heime
- Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade
- Du som opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
- Du som søker helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søker om meir teneste
- Du som er motivert til å gjere noko med eigen situasjon og kan aktivt ta del i å utforme mål for rehabiliteringsperioden
- Du som kan følgje instruksjon og sjølvstendig følgje opp tilpassa eigentreningsprogram
- Trening må kunne utførast i heimen/nærmiljøet
- Det er tverrfagleg vurdert at du har rehabiliteringspotensiale
Kva kan du vente av oss?
Vi kjem heim til deg og vil saman med deg setje mål og utarbeide ein plan for det du må trene på for å oppnå meistring av viktige aktivitetar i kvardagen.
Vi vil jobbe intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode for at du skal nå måla dine. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. Tenesta skal ytast med respekt for din livssituasjon og heim.
Kva ventar vi av deg?
Du er motivert til å gjere ein innsats for å vinne att aktivitetar du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan fortsette å vere aktiv i eige liv - i eigen heim.
Døme på mål for treninga:
- Kome seg inn og ut av seng
- Lage mat
- Dusje sjølv
- Gå utandørs
- Gå trapp
- Delta på sosiale aktivitetar
Korleis søkjer du?
Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.
Når kan du vente svar?
Vi handsamar søknaden din så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.
Klage på vedtak?
Om du vil klage på vedtak, kan du lese meir om korleis du går fram her.