Bli med på Ti på topp

Særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL) og tiltak i beiteområde

Særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL) og tiltak i beiteområde

Har du ein landbrukseigedom i Herøy, Hareid eller Ulstein? Då kan du søke om støtte til miljøtiltak og tiltak i beiteområde.

I denne artikkelen finn du informasjon om to støtteordningar:

  • særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlane)
  • tiltak i beiteområde

 

Særskilde miljøtiltak i landbruket

Denne ordninga er til for å fremje tiltak som tek vare på kulturlandskapet og hindrar forureining.

Kva kan du få støtte til?

Nokre få eksempel:

  • tiltak som hindrar at kulturlandskapet gror att og at biologisk mangfald går tapt
  • hindre at eldre bygningar som kan reknast som kulturminne forfell
  • lage sikker lagerplass for rundballar

Sjå fleire eksempel på tiltak i strategiplanen for tiltaka (PDF, 497 kB).

Meir informasjon om ordninga finn du i forskrifta om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Kva kan du få i tilskot?

Kor mykje du kan få i tilskot, kjem an på kva tiltak det er snakk om. Les meir om storleiken på tilskota i strategiplanen for støtteordningane (PDF, 497 kB).

Korleis søker du om SMIL-midlar?

Du søker på nettstaden til Landbruksdirektoratet

Sjå også rettleiinga som er aktuell for det tiltaket du søker støtte til:

Når må du søke?

Søknadsfristen for ordninga «Særskilde miljøtiltak i landbruket» er 1. april.

 

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet med tilskotet er å utnytte beite i utmark best mogleg, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Kva kan du få støtte til?

Du kan få tilskot til faste installasjonar som gjeld bruken av utmarksbeite. Du kan også få tilskot til prosjekt knytt til planlegging og tilrettelegging av beite i utmark.

Tiltak som kan få investeringstilskot (lista er ikkje fullstendig):

  • sperregjerder (ikkje til gjerde der ein har gjerdeplikt)
  • ferist
  • bruer
  • driftevegar
  • gjetarhytter
  • sanke- og skiljeanlegg
  • saltsteinautomatar
  • elektronisk overvakingsutstyr mv.
  • elektronisk gjerde mv.

Tiltak som kan få tilskot til planlegging/tilrettelegging:

  • prosjektering av faste installasjonar
  • organisering av nye/endra beitelag og beiteområde
  • prosjekt og planar knytt til utmarksbeiting

Meir informasjon om ordninga finn du i forskrifta om tilskot til tiltak i beiteområde.

Kva kan du få i tilskot?

Kor mykje du kan få i tilskot, kjem an på kva tiltak det er snakk om. Les meir om storleiken på tilskota i strategiplanen for støtteordningane. (PDF, 3 MB)

Korleis søker du om tilskot til tiltak i beiteområde?

Du søker på nettstaden til Landbruksdirektoratet.

Når må du søke?

Søknadsfristen for ordninga «Tilskot til tiltak i beiteområde» er 1. april.

Kontakt

Kristin Myrene
fagkonsulent
E-post
Mobil 99 21 00 97