Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Randi Almestad: – Eg blir så engasjert!

Randi Almestad: – Eg blir så engasjert!

– Det følger mykje godt med det å lage maten sjølv, seier herøyværing Randi Almestad.

portrett av Randi Almestad - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Med kampanjen «4 tips til 65+» vil vi i Herøy kommune gi nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

Klikk her og få med deg kampanjen «4 tips til 65+»

I samband med kampanjen møter vi tre herøyværingar som deler korleis dei ser på det å bli eldre.

Randi Almestad fortel:

– Bank i bordet – eg har vore heldig og hatt god helse. Men eg har ikkje fått det gratis. Eg har vore mykje på trim og på tur. Sit du ned og blir der, så får du der sitte, heiter det. Men eg vil ikkje vere ovanpå på noko vis. For det har med hell å gjere òg. Sjølv om eg har gjort noko for helsa mi, så har eg vore heldig som har kome meg til igjen.

Eg har også hatt helseproblem og vore nøydd til å trene meg opp igjen. Då sa fysioterapeuten at eg hadde eit godt grunnlag fordi eg har vore mykje fysisk aktiv tidlegare i livet. 

For ei stund sidan fekk eg ein skade. Då ville familien min gjerne kome med både middag og annan mat til meg. Men eg vil lage meg middag sjølv. Det får eg til nesten kvar dag.

Det følger mykje godt med det å lage maten sjølv. Du må tenke ut kva du skal handle og lage deg ei liste. Så må du må gå og handle. Og så kan du invitere vener som er åleine til å kome og ete i lag. Det gjer eg av og til.

Sit du passiv og berre ventar på at nokon kjem med mat til deg … Det blir heilt feil for meg. Eg hadde ei venninne som mista mannen sin. Då slutta ho å lage mat. Eg råda ho til å begynne med det igjen.

Eg vil bu heime så lenge eg kan. Før budde eg i einebustad, så flytta eg i leilegheit. Sønene mine var opptatt av at det måtte vere heis dit eg skulle flytte. Sånn blei det. 

No har eg alt på eitt golv. Slik situasjonen er i dag, hadde eg ikkje kome meg nokon stad dersom eg framleis budde i einebustaden.

Mange går og lurer på om dei skal flytte. Det gjorde eg òg. Eg var veldig usikker. Her i Fosnavåg har eg funne ut at eg høyrer til. Eg er veldig sosial, det veit alle som kjenner meg. Eg likar å gå på kafé og ut for å handle. Då treffer eg folk.

Eg har fått vore med på mykje kjekt, også etter at eg blei pensjonist. Eg har tatt kurs i treningsleiing og i mat- og helselære. Og det eg lærte der, har eg brukt til å halde kurs for andre. 

Etter at eg pensjonerte meg, fekk eg ein gong telefon frå eit av omsorgssentera. Dei spurte om eg kunne kome og lage frukost og kvelds. Eg sa eg kunne prøve. Då eg kom dit, viste det seg at alle dei gamle kjende meg. Og eg kjende dei. Så eg fekk faktisk vere ein liten ressurs. Eg kunne snakke med dei om det dei brydde seg om frå før i tida. Eg laga mat til dei, gjekk tur med dei og tok dei med på biltur.

Det var ei kjekk tid. Det var fint å vere der i staden for å gå heime. Og eg var heilt imponert over pleiarane, kor snille dei var med pasientane.

Det å kunne bidra på frivilligsentralen gir meg også kjempemasse. Eg blir så engasjert! Ein gong spurte Britt Paulsen, leiaren der: Kva nytt skal vi finne på, Randi? Eg sa at vi burde lage ein kafé, for det er så mange som ønsker å møte andre. Så då starta vi måndagstreffet. Det har blitt veldig populært.

Sidan eg har bil, har eg køyrt rundt og tatt med andre dit. For transport er ei utfordring. Ein del eldre sit heime fordi dei ikkje har nokon til å køyre seg. Det hadde vore fint om fleire hjelper til med å køyre eldre til aktivitetar.

Og dei som treng transport, må ikkje vere redde for å be nokon om hjelp. Det er ein ulempe at det ikkje går buss til frivilligsentralen, det var betre den tida frivilligsentralen låg i sentrum. Eit apotek i sentrum skulle vi også hatt.

Eg synest det er veldig mykje å delta på i Herøy for pensjonistar. Kommunen har vore flinke til å lage møteplassar. I tillegg til måndagstreffet, går eg på temakaféane og på Sterk og stødig i kyrkja. Og på fredagane er eg ute på kafé eller på Bryggen. Så vekene går fort.

Å klare meg sjølv, det er viktig for meg. Eg er vel litt stirrig, det meiner nok familien min òg. Eg vil vere med og bestemme. Og når eg ikkje klarer meg sjølv, så spør eg om hjelp, og får det. Eg har også hatt stor nytte av kvardagsrehabiliteringa som kommunen tilbyr.

Det går ikkje an å berre sitte heime, ein må ta initiativ sjølv også

Eg meiner at Herøy er ein kjekk plass å bu. Eg er fornøgd.

av Randi Almestad – fortalt til Svein Arne Orvik