Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Tips 2: Tilpass bustaden din – eller flytt til ein meir eigna bustad

Tips 2: Tilpass bustaden din – eller flytt til ein meir eigna bustad

Dei fleste ønsker å bu heime lengst mogleg. For at du skal kunne gjere det, har du to grovt sett to alternativ.

to personar i samtale utanfor eit hus - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Du kan

  • enten tilpasse bustaden din slik at han er både praktisk og trygg
  • eller vurdere å flytte til ein meir eigna bustad

 

Denne artikkelen høyrer til «4 tips til 65+». Det er ein lokal kampanje der vi gir nokre tips med på vegen til deg som er 65 år eller eldre.

 

Kva bør du tilpasse i heimen?

Du kan gjer fleire smarte grep for å tilpasse bustaden, slik at det blir mogleg for deg å bu lenge heime.

Dersom du eig bustaden din, har du sjølv ansvaret for å utbetre og halde han ved like. Kan hende må du skaffe hjelp av handverkarar.

Uansett – dette er noko av det viktigaste å tenke på når det gjeld bustaden:

  • Dørstokkar: Verken i inngangspartiet eller inne i huset bør du ha dørstokkar. Utan dørstokkar vil du og gjestene dine lettare kome seg rundt med rullator og rullestol.
  • Dører: Bytt til dører som er breie nok til at det går fint å bruke rullestol.
  • Planløysing: Det er lurt å ha inngangsdøra, kjøkkenet, badet og soverommet i same etasjen.
  • Lys: Ha godt lys i alle rom, slik at du ser kvar du set føtene. Det er viktig for å unngå å falle.
  • Rekkverk: Dersom har trapper, bør du heilt klart montere rekkverk.

 

Fleire tips om å tilpasse bustaden

Her finn du fleire tips – rom for rom.

Og her får du endå meir detaljerte tips om bustaden.

Her kan du laste ned ein brosjyre om korleis du kan gjere heimen din tryggare.

Ergoterapeutane våre gir deg gjerne fleire råd om korleis du kan tilpasse bustaden din.

Nokre grupper kan få tilskot til å tilpasse bustaden. Her kan du sjekke om det gjeld deg.

 

Gå til hovudsida til kampanjen «4 tips til 65+»

 

Seksjon for rehabilitering i Herøy kommune har samla og tilrettelagt informasjonen i denne teksten. Informasjonen er henta frå statlege og kommunale kjelder.

 

Tre herøyværingar fortel

Få også med deg korleis tre av innbyggarane våre ser på det å bli eldre: