God sommar frå ordføraren – dette kan du oppleve i Herøy

Kjære alle innbyggarar i Herøy. Sommaren er her – ei tid for ro, fellesskap, gode opplevingar og refleksjon.

Ann-Kathrin (Tine) Storøy - Klikk for stort bileteAnn-Kathrin (Tine) Storøy Silje S. Mork

Eg vil først rette ei stor og varm takk til alle tilsette i Herøy kommune. De gjer ein formidabel jobb kvar einaste dag for innbyggjarane våre. Innsatsen dykkar, omtanken og den faglege styrken de viser, er heilt avgjerande for at vi kan levere gode tenester – også i krevjande tider.

Herøy kommune står midt i eit viktig arbeid med å få betre orden i kommuneøkonomien. Det krev tøffe prioriteringar og kloke vedtak. Eg er stolt av det politiske arbeidet som no blir gjort for å sikre ein meir berekraftig økonomi for framtida.

Vi politikarar jobbar samstundes målretta for å få på plass nytt omsorgssenter og nye skulebygg – investeringar som betyr mykje  både for dagens og framtidige generasjonar i Herøy. 

Det er då svært gledeleg at vi no er i gong med planlegging av det nye omsorgssenteret vårt.

Eg vil også rette ein stor takk til næringslivet vårt her i Herøy. De står på kvar dag, skaper arbeidsplassar, verdiar og aktivitet i lokalsamfunnet og er utruleg viktige for utviklinga av kommunen vår.

I tillegg vil eg løfte fram den sterke frivilligheita og alle lag og organisasjonar som kvar dag gjer ein innsats for at Herøy skal vere ein god stad å leve og bu. De bidreg til trivsel, tilhøyrsle og fellesskap – verdiar vi set høgt.  

Sommar i Herøy – noko for alle

Sommaren i Herøy byr på mange gode opplevingar for store og små.

Vi har nyleg lagt bak oss fleire flotte arrangement i juni, mellom anna Sommardagane i Fosnavåg, Fosnavågkonferansen og årets FYR til Fyr-arrangement. Takk til alle frivillige som har stilt opp og gjort desse arrangementa til ein stor suksess – og til alle som har delteke og bidrege til fellesskapet.

I juni vart det også gjennomført ei veke med gratis ferietilbod for barn og unge, med mellom anna gratis bading på Sunnmørsbadet og gratis kino. Tilbodet samla mange deltakarar, og viser kor viktig slike møteplassar er i lokalsamfunnet vårt.

Sommaren byr vidare på ei rekkje aktivitetar og møteplassar gjennom ferien. Eg håpar mange nyttar seg av tilboda og er med på å skape ein levande og kjekk sommar i kommunen vår

Bua - Klikk for stort bileteBUA Silje S. Mork
Adobe Stock
Adobe Stock

Gratis tilbod for barn, unge og familiar

Dette kan du oppleve heilt gratis i sommar:

Gratis kino for ungdom kvar fredag

• Biblioteket er ope heile sommaren – ein fin møteplass for lesing, leik og opplevingar
• Sommarles for barn som skal starte på skulen til hausten og opp til 7. klasse
• Herøy kystmuseum / Herøy gard er ope kvar dag (unntatt måndagar) kl. 12.00–16.00. Frå 8. juli er det opent til kl. 18.00 på onsdagar
• BUA på kulturhuset er ope måndagar og torsdagar kl. 15.00–17.30. Her kan du låne utstyr gratis – til dømes hagespel, rulleskøyter, fiskestenger, SUP, packraft, skateboard, syklar og telt

•Lesekampanjen «100 bøker før du er 6 år
• Naturen vår er open for alle – bruk fjell, fjøre og strender til tur, leik og bading

Dette er enkle og gode måtar å skape aktivitet og fine opplevingar saman med andre.

Ann-Kathrin (Tine) Storøy - Klikk for stort bileteAnn-Kathrin (Tine) Storøy Silje S. Mork

Arrangement i Herøy i sommar

Det skjer også mykje spennande i Herøy gjennom sommaren:

• Street Food Skandinavia på Rådhusplassen i Fosnavåg 9.–12. juli
• Herøyspelet 4. og 5. juli
• Visekveld i sjøbuda på Herøy gard 22. august
• «Terje Vigen» – ekstraførestilling  23. august
• Street Food Norway 27.–30. august, med fleire kjende artistar

•Bergsøy handball spelar sin første kamp i Eliteserien mot Kolstad laurdag 29. august i Volda Campus Arena

Følg med på nett for fleire arrangement som kjem gjennom sommaren.

Fellesskap – også utanfor kommunegrensa

Denne sommaren har fotballen samla folk over heile landet. Søndag møter Noreg Brasil i åttandedelsfinalen i VM – ein motstandar som har skrive seg inn i fotballhistoria med deltaking i alle VM og fem verdsmeisterskap.

For oss på Sunnmøre er det ekstra kjekt at to av spelarane på det norske laget kjem frå regionen vår, og har markert seg som viktige bidragsytarar på landslaget.

Uansett kor langt Noreg går i meisterskapet, er det inspirerande å sjå korleis fotballen skaper engasjement, fellesskap og glede på tvers av alder, bakgrunn og bustad. Vi heiar sjølvsagt på Noreg, og ønskjer landslaget lukke til i den spennande kampen mot Brasil.

Samhald og lagånd er verdiar vi også set høgt her i Herøy. Når menneske møtest kring felles opplevingar, styrkjer det fellesskapet vårt – enten det skjer på fotballbana, i frivilligheita eller i lokalsamfunnet elles.

Vi har spennande tider framfor oss. Trass i utfordringar har vi eit tydeleg fokus på framtida – og ei sterk tru på det vi kan få til saman.

I Herøy kommune skal vi halde fram med å byggje eit berekraftig, inkluderande og attraktivt lokalsamfunn – ilag.

Eg ønskjer alle innbyggarar ein riktig god sommar!

– fyll dagane med gode stunder,  gode opplevingar, både om du skal vere heime i Herøy , eller du er på reise. Håper vi  får både sol, bading og kanskje ein is eller to.

Sommarhelsing
Ann-Kathrin (Tine) A. Storøy
ordførar i Herøy kommune