Premiefest avslutta innovasjonscampen 2023

På ei veke har niandeklassingane våre løyst heile tjue oppdrag for bedriftene i Herøy.

elevar presenterer prosjekt på scenen under premiefesten til innovasjonscampen 2023 - Klikk for stort bileteGruppa som tok førsteplassen med oppgåva for Norwegian Greentech formidla kor viktig det er å reinse ballastvatn. Sissel Ødegård / Herøy næringsforum

Innovasjonscampen ved Ytre Herøy Ungdomsskule og Stokksund skule blei torsdag avslutta med premiefest på kulturhuset. Det blei delt ut premiar sponsa av Sparebanken Møre. Og elevar hadde kulturinnslag med song og dans.

Juryen hadde gjennom dagen fått presentert og vurdert dei tjue oppdraga som elevane hadde jobba hardt med sidan måndag. Oppdraga kom frå bedriftene HAV Group, Havopplevelse, Herøy produksjon, MMC First Process, Norwegian Greentech og Sparebanken Møre.

Desse tre oppgåveløysingane hamna til slutt på pallen:

  • 3. plass: MMC First Process (system for fiskevelferd)
  • 2. plass: Herøy produksjon (nytt salsprodukt / gjenbruk: stol laga av pallekarm) 
  • 1. plass: Norwegian Greentech (reinsing av ballastvatn visualisert på ein forståeleg måte)

Elevane blei gratulerte med framifrå arbeid. Bedriftene fekk ein stor takk for å ha tatt imot elevgruppene og lært dei om spennande tema og utfordringar i næringslivet.

Innovasjonscampen er eit samarbeid mellom Herøy kommune og Herøy næringsforum. 

Støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde det mogleg å gjennomføre innovasjonscampen.

LES OGSÅ: Nyskapande elevar: – Fisken skal ha det bra

LES OGSÅ: Innovasjonscampen i gang: Mange moglegheiter i Herøy!

Les meir i bildetekstane til bildeserien: