Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Dokumentasjon

Dokumentasjon

Barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte frå fleire aktørar kan oppleve å måtte fortelje si historie igjen og igjen, og at prosessar startar på nytt kvar gong dei møter ei ny teneste eller ein ny person i ei teneste. Gode system for dokumentasjon av arbeidet som blir gjort er viktig for å betre situasjonen. Dokumentasjon er også nødvendig for å kunne gi tilsynsmynde og andre relevante instansar innsyn i hjelpa som er gitt.

Dokumentasjon på individnivå

Mandatet til tverrfagleg team beskriv korleis ein skal dokumentere arbeidet med tiltak og evaluering:

  • Det skal skrivast referat på utarbeidd mal.
  • Styrar/rektor syter for at det vert skrive referat, og at dette går på omgang.
  • Ansvar for oppfølging vidare skal gå fram av referatet.
  • Referat med arkivverdig innhald, skal arkiverast i Websak+. Individsaker skal arkiverast i barne/elevmapper.
  • Referat utan arkivverdig innhald skal lagrast i SharePoint.  Kvar barnehage og skule skal ha sin “kanal”, med tilgang for deltakarane i dei tverrfaglege teama.
  • Om deltakarane i teamet meiner at andre skal ha referatet, skal det avklarast i møtet.
  • I møtet skal det avklarast kven som har ansvar for å arkivere referatet og korleis.
  • Referatet skal gjennomgåast ved starten på neste møte.

 

Dersom barnet eller ungdomen er i ein situasjon der det er behov for langvarige og koordinerte tenester, kan barnet ha rett til å få utarbeida individuell plan (IP). I Herøy nyttar vi det digitale verktøyet Visma flyt Samspill til samhandling rundt individuell plan.