Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad

Medverknad er eit viktig styringsprinsipp i kommunen sin samfunnsplan, som set rammer for korleis ein skal arbeide i kommunen.  Kommunen skal gjennom medverknad vere open for dialog med innbyggjarar med mål om å kome fram til løysingar som fremjar samfunnsutviklinga på lang sikt.

Ulike lover og føreskrifter legg føringar for korleis kommunen skal og bør legge til rette for medverknad. Kommunen skal tilstrebe størst mogleg offentleg og reell medverknad i planarbeidet. Det ligg eit særleg ansvar for å sørge for å få innspel frå grupper som krev tilrettelegging, slik som barn og unge. Kommunen skal vere tydeleg i sin kommunikasjon ut mot innbyggjarane. Dette er omtala i kommunen sin samfunnsdel. Eit tydeleg og klart språk er ein føresetnad for samhandling og reell medverknad i utviklingsprosessar.  

Slik kan du påverke og medverke i kommunen:

Ungdomsrådet

I alle kommunar skal det vere eit ungdomsråd. Ungdomsrådet er det vi kallar eit medverknadsorgan for ungdom, og dette kravet følgjer av kommunelova §5-12. Dette betyr at alle saker som gjeld ungdom skal handsamast av ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Ungdomsrådet skal ha ei valperiode på inntil to år, og medlemane skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.

Her finn du oversikt over medlemmer i ungdomsråd

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne er også eit lovpålagt organ. Rådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra til personar med funksjonsnedsetting. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av funksjonsnedsetting og tenester. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Her finn du oversikt over medlemmar i rådet.

Kommunalt foreldreutval

 

Ungdata-undersøking

Herøy kommune gjennomfører jamleg Ungdata-undersøking. Undersøkinga kartlegg mange område i ungdom sine liv, og er viktig som grunnlag for kommunal planlegging og evaluering av eksisterande tenestetilbod.

Innbyggerinitiativ og forslagkasse

Kommunen sine innbyggjarar har rett til å ta opp saker i kommunen. Kommunelova krev at eit visst tal innbyggjarar står vak forslaget. Eit forslag må ha støtte av minst to prosent av innbyggjarane, eller minimum 300 personar i kommunen. Personar under 18 år kan også fremme forslag.

Kommunestyret har plikt til å ta stilling til forslaget som vert fremma.

Her kan du lese meir om korleis du kan foreslå saker og vere med å påverke gjennom innbyggjarinitiativ og forslagkasse.