Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Kommunale planar

Kommunale planar

Baser på dei overordna statlege føringane har Herøy kommune utarbeidd eigne lokale planar og styringsdokument for kva mål tilsette skal jobbe etter. Desse planane ligg også føringar for å arbeide med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette born og unge.

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel tek føre seg dei langsiktige målsettingane for kommunen. Barn og unge-perspektivet er sentralt i satsingsområdet oppvekst og identitet. Eitt av måla i planen er at barn og unge skal ha ein trygg oppvekst. Tidleg innsats gjennom tverrfagleg samhandling er sentralt for å nå denne målsettinga.

Kommuneplanen blei vedteken i 2022 og er gjeldande til år 2030. Her finn du samfunnsdelen av kommuneplanen.

Verdiplattformen for Herøy kommune

Samhandling vert løfta fram som ein av dei førande verdiane i kommunen sin verdiplattform (lenkja vil kun fungere for tilsette). Sentralt i dette er å legge til rette for møteplassar og dialog for å bygge relasjon utanfor eiga avdeling.

Tverrfagleg plan 2018 - 2022

Planen beskriv organiseringa av det førebyggande arbeidet for barn og unge. Handlingsplanen blei sist revidert i 2019, og er framleis gjeldande. Handlingsdelen inneheld tiltak for å nå visjonen:

«Alle barn og unge skal ha gode og trygge oppvekstvilkår». Tverrfagleg plan finn du i Compilo. (lenka vil kun fungere for tilsette). Planen er til revidering i samband med barnevernreforma/oppvekstreforma.

Lokal rammeplan barnehage

Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagen legg føringar for drift av alle barnehagane i Noreg. Utifrå desse skriv barnehagane sine langtidsplanar og årsplanar. I Herøy har vi valt å ha ein lokal rammeplan for barnehagane i kommunen i tillegg. Satsingsområda i denne planen har alle styrarane vore med på å velje ut.

Strategiplan for kvalitet i grunnskulen

Strategiplanen for Herøyskulen byggjer på kommunen sin samfunnsplan, og tek elles utgangspunkt i overordna nasjonale styringsdokument. Samtidig viser planen ei klar retning for arbeidet i skulane våre, på dei områda der vi ser størst behov for å rette innsatsen no og dei næraste åra.

Plan for arbeid med godt og trygt læringsmiljø

Plan for arbeid med godt og trygt læringsmiljø  (lenka vil kun fungere for tilsette),gir føringar for korleis Herøyskulen skal arbeide for å skape eit trygt og godt skulemiljø etter § 9A i opplæringslova, og korleis tilsette skal handtere krenkingar og mobbing når det skjer. I arbeidet for et trygt og godt skulemiljø er anerkjenning av barn og unge si oppleving og medverknad eit grunnleggande prinsipp.

Lokal rammeplan for SFO

Opplæringslova og nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga legg føringar for drift av alle skulefritidsordningane i landet. Med utspring i desse har Herøy laga sin eigen rammeplan.(lenka vil kun fungere for tilsette). Utviklingsområda i denne planen samsvarar med aktivitetsområda leik, kultur, fysisk aktivitet, mat og måltid.

Temaplan for psykisk helse og rus

Temaplan for psykisk helse og rus gir mål og retningsval for kommunen sitt arbeid som famnar heile livsløpet. Målsettinga for planen er å synleggjere korleis kommunen skal legge til rette for å styrke innbyggaren sine moglegheiter til å oppretthalde og/eller gjenvinne funksjon og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar Sunnmøre 2021-2025

Handlingsplanen er felles for alle kommunane på Sunnmøre. Planen har som målsetting å bidra til å styrke det førebyggande arbeidet, at fleire valdsutsette og valdsutøvarar får naudsynt hjelp og at fleire situasjonar der menneske utsettast for vald blir avdekt og avverja.

Rettleiar ved bekymring for radikalisering og valdeleg ekstremisme

Rettleiaren (lenka vil kun fungere for tilsette) er meint å gi informasjon og korleis tilsette og privatpersonar kan møte, førebygge og følgje opp radikalisering og utvikling av valdeleg ekstremisme.

 

Samhandlingsavtale mellom Herøy kommune og Helse Møre og Romsdal HF

Avtalen (lenka vil kun fungere for tilsette) regulerer samarbeid om helse- og omsorgstenester som pasienten mottek frå helseføretaket og kommunen.