Tiltak

Tiltak

Under finn du ulike tiltak som Herøy kommune har.

Tiltak

Innsatstrappa

Innsatstrappa gir oversikt over tenestetilboda våre. Trappa hjelper oss med å sjå kva tenester vi må styrke for å møte behova framover.

Foreldrerettleiingskurs

Circle of Security parenting-COS (tryggleikssirkelen) har som mål å styrke tilknytinga og samspelet mellom barn og foreldre. Tryggleikssirkelen hjelper foreldre til å bli meir bevisst barnets behov og reflektere over eigen omsorgsutøving. Metoden er enkel å forstå og kan lett overførast til daglege situasjonar.

Kurs er under planlegging for foreldre i barnehagen i fyrste omgang. Tilbodet vert formidla i den enkelte barnehage når det er din barnehage sin tur for kurset.

Metoden blir også nytta til individuell rettleiing. Dersom du har behov for råd og rettleiing i korleis meistre rolla som foreldrer kan du ta kontakt med din helsestasjon for å avtale ein time med helsesjukepleiar.

PMTO - rådgjevning

Herøy helsestasjon tilbyr i samarbeid med Ulstein PMTO - Parent Management Training Oregon. Dette er eit lågterskeltilbod til foreldre som har barn i alderen 3-12 år med åtferdsvanskar. På heimesidene til PMTO kan du lese meir om tilbodet. Ein kan søke om PMTO-rådgjevning når føresette strevar med samspelet med barnet sitt.

Ta gjerne kontakt med Herøy helsestasjon for meir informasjon. Tlf: 

Opplevingskort

Her finn du informasjon om opplevingskortet.

BUA

På BUA kan du låne gratis sports- og fritidsutstyr. For meir informasjon sjå BUA sine sider

Kontantkassa

Kontantkassa er ei støtteordning som skal bidra til at fleira barn og unge skal kunne delta i organisert fritidsaktivitet. 

Lag- og organisasjonar

Her finn du oversikt og kontaktinformasjon til ulike lag og organisasjonar i Herøy kommune.

Tilrettelagde aktivitetstilbud

Oversikt over tilbod som er spesielt tilrettelagde eller tilpassa bestemte målgrupper, både i Herøy om i kommunar rundt oss.